REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

glas
  • Ein skål for Gamle Norig! av Inger Bråtveit
  • Drammeglas på Ivar Aasens tid
  • Om drammeglaset til Ivar Aasen

Ein skål for Gamle Norig!

Inger Bråtveit


Nei, det er vel få som har sett og høyrt meir av dette landet enn det eg har, seier han til seg sjølv når dagen langt uti kvelden lir. Han tenkjer på korleis han har stega seg fram, brote seg gjennom kommune og fylkesgrenser, frå Lindesnes i sør og til Troms i nord. Gjennom skog, over fjell, over fjord, mumlar han for seg sjølv. Han er i ferd med å finna formen, metrumet sin kvasse rytme, bokstavrima sit som spikra, enderima faldar seg ut og kjem som taktfaste bølgjeslag. «Gamle Norig» skal diktet heita, det har han visst heile tida.

I to dagar hadde han site inne på det vesle kammerset sitt i Kristiania. Det norske landskapet, nørdst i Grendom, hadde stige fram i meisla gneistar, reist seg opp under handa hans, på papiret, frå pennen som vaart eiget Ættarland! Han nynnar, nei, syng no: Der er Hav, som heilt aat Endom leikar um den lange Strand; Der er Vikar og Votn og Øyar, tusund Fjordar og tusund Fjell, Snøydor, der sjeldan Snjoen tøyar, Dalar, der Fossen diger fell.

Mektige Norig! ropar han ut i rommet. Langt borte er dei stride vintrane då han gjekk etter vegen og hakka og fraus. Nasen under det mørkebrune håret klipt i skalform lyser enno raud frå den tid han ynskte at han var i eit varmare land, men no blenkjer vårsola i bakken. Og Ivar skriv, Ivar drøymer, nei, diktar er det Ivar gjer no. Frå skriveboka stig songen, årstidene blømer på ein og same gong naar Lauv i Lidom spretter, fagre Liter fær vaar Grend, vert sommar med Store Dagar og stutta Næter, lida lett um den ljose Jord.

Året rundt, frå nord til sud, seier han og ser heile landet føre seg, Strand og Fjord og Fjell og Sæterskiner av Sol, folket, nordmannen som har funne sin heim, og som kjempar, men greier seg gjennom i slit og strev, held stand, i kvardagen. I kveld, tenkjer Ivar. I kveld! Han går mot trekista si, skjenkjer i og hevar akevittglaset med den så godt som usynlege sprekken: I kveld, for Gamle Norig, tek eg ein dobbel kolokvintar, for Born av deim, som bygde Landet, ja for dei!



Drammeglas på Ivar Aasens tid


Frå gammalt var det slik at når ein handel var avgjort, så vart det drukke kjøpeskål. Det vil seie at det vart spandert ein dram som prov på at handelen var avgjort. Denne drammen vart servert i ein tumling, eit lite rundt metallbeger utan fot. Tumlingen var som regel laga av messing, tinn eller sølv, og var derfor så å seie uknuseleg. Av den grunn var tumlingen praktisk å ha med seg i ei lomme. I norske museum finst det svært mange tumlingar bevart fordi dette vart sett på som ein eigna ting, som folk visste å ta vare på.

Frå midt på 1700-talet vart det produsert ulike typar glas med stett i Noreg. Men desse var kostbare, og berre overklassen hadde råd til å kjøpe slike fine ting. Storleiken avgjorde om det var vinglas, dessertglas eller brennevinsglas (drammeglas). Tida like etter 1850 vart ei blomstringstid for norske og nordiske glasverk, noko som gjorde at prisane på glasa vart lågare. Dei enkelte verka hadde nok sine kjennemerke og typar, men mange av produkta var temmeleg standardiserte. Aasen glas sitt er eit typisk drammeglas produsert av nordiske glasverk. Denne typen heldt seg nærast uendra frå 1850-talet og langt utover 1800-talet.

Ivar Aasen brukte nok dette drammeglaset mest til å drikke akevitt av. Av dagbøkene kan ein sjå at Aasen med nokså jamne mellomrom kjøpte inn ei flaske akevitt, og han gjekk dessutan på kafé dagstøtt, der han pla ta seg eit glas øl. Då han blei eldre og ikkje kunne gå ut slik han tidlegare gjorde, ser forbruket ut til å ha auka, skriv Aasen-kjennaren Stephen J. Walton i biografien Ivar Aasens kropp. I 1894, to år før han døydde, kjøpte Aasen ved eitt høve inn heile fire flasker akevitt.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om drammeglaset til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

18. januar 1865
Færdig med Registeret over fremmede Ord. En Flaske Aqv. 36. Sukker 6.

Reisen til Ringerige.
Veiene paa Eger og Modum vare i slet Forfatning; Leerjorden var saa tør og haard som Steen; Sporene af Hjulredskaberne vare desuden saa dybe og ujævne, at det var en stor Plage at kjøre. Jeg glædede mig derfor ved at komme til Tyrifjorden for at faae reise et Stykke tilvands; men denne Tur skulde desværre ikke blive synderlig behagelig. I Vigersund fik jeg to Roerkarle; de forsynede sig med en Flaske Brændeviin til Reisen, hvilket man ikke kunde have noget imod; i Begyndelsen gik det ogsaa godt, men længere paa Veien blev den ene Karl saa flittig med Flasken, at han tilsidst blev overstadig fuld, saa han ikke kunde roe anderledes end paa tvært; det gik saaledes snart i Øst snart i Vest, snart laae man stille, snart satte man paa Land, snart var man paa Vei at vælte Baaden. Til Lykke var dog den anden Karl saa vidt ordentlig, at han søgte at oprette hvad den første fordærvede; og saaledes kom vi da endelig i Land ved Gaarden Egge, hvorfra jeg nu havde Landvei til Braaten.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste