REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

pipe
  • Mine røynsler med piper av Selma Lønning Aarø
  • Piper på Ivar Aasens tid
  • Om pipa til Ivar Aasen

Mine røynsler med piper

Selma Lønning Aarø


Det budde ein mann på nabogarden som heitte Kjell-Hermann. Han hadde støtt ein pinne i munnen.
– Kva er det, spurde eg mor mi.
– Styggaskap, svara ho, og eg kom til å tenkja på Halfdan Egedius, målaren som togg på strå og døydde av det då han var 21 år. *
– Tenk å døy når du er så ung, sa mor mi.
Eg syntest ikkje det var så ungt med 21 år. Sjølv var eg fem.  Eg skal vera nøgd om eg lever så lenge som til 21, tenkte eg.

Kjell-Hermann døydde av det, han òg. Han fekk kreft i lungene, og eg forstod på dei vaksne at det var pinnen han gjekk med i munnen, som hadde skulda.

Far til Albert Åberg hadde òg ein slik pinne. Han kalla det å røykja pipe. Ho hadde det med å forsvinna, denne pipa, og då blei far til Albert Åberg sint. Han slutta å vera den joviale faren (som var så triveleg at Albert aldri stilte det spørsmålet alle eigentleg lurte på: Kvar var mor hans? Var ho død? Eller var dei berre skilde? Og dersom dei var skilde, kvifor kom ho aldri på vitjing?) og blei sur og inneslutta. Eg skjøna at pipa var viktig. Spørsmålet var berre: Burde ikkje far til Albert halda seg unna pipa så lenge det var slik at ein kunne døy av ho? Så lenge denne situasjonen med mor til Albert var såpass vag?

I ei bok kom eg over eit bilete av ei pipe. Under stod det: Ceci n'est pas une pipe. Seinare lærde eg at dette tydde: Dette er ikkje ei pipe.

DETTE ER IKKJE EI PIPE?

Korleis kunne det ha seg? Eg var 21 år, eg ville leva, og eg trudde at eg hadde skjønt det der med piper.

* Sommaren 1898 vart Halfdan Egedius sjuk. Etter kvart hamna han på sjukehus i Kristiania. Der vart det klart at det var bakteriesjukdomen aktinomykose (strålesopp, som kan henda kom av at han togg på strå) han leid av. Han vart operert to gonger, men livet stod ikkje til å redda. Han døydde 2. februar 1899, berre 21 år gammal.



Piper på Ivar Aasens tid


Tobakk høyrde opphavleg heime i dei varmare strok av Amerika. Først på 1500-talet tok dei til å dyrke tobakk i Europa, og då breidde bruken seg nordover til oss i første del av 1600-talet. Handel og skipsfart er her viktige stikkord, og dei mest synlege minna frå dei første hundreåra, er dei tallause hollandske kritpipene som arkeologar og marinarkeologar har grave fram opp gjennom åra.

På 1800-talet var både skråtobakken og røyketobakken mykje brukt. Det var truleg meir kultivert å røykje enn å tyggje, og på gamle måleri og teikningar av folk som røykjer, har dei anten langpipe eller forseggjorde merskumspiper. I ein velutstyrd heim på 1800-talet var det vanleg med eige «røkeværelse» der møblar, «røkejakke», pipebord og diverse røykjeutstyr var plassert. Med sine to rom til disposisjon hadde ikkje Aasen slik luksus, men han nemner ein stad (1866) at han har «Røghue». At tobakksrøyk er svært helseskadeleg, var ukjent på den tida, men det fanst motstandarar. Bjørnstjerne Bjørnson syntest tobakk var noko svineri, og det er også ei kjend sak at den frittalande teologen Otto Theodor Krohg (1811-1889) tilrådde unge teologar  å komme seg ut «fra et af Tobaksrøg overfylt Værelse» til Guds frie natur på ski!

 

Pipa på biletet er ei vanleg pipe frå andre halvdel av 1800-talet. På dette tidspunktet var det fleire pipefabrikkar i Norge, og det var mange tobakksforetningar som stort sett levde av å selje tobakk. For mange var tobakk og pipe ein viktig del av livet, ja, så viktig at dei gjerne ordna seg slik at dei hadde pipa i handa eller i munnen når dei vart fotograferte.

Ivar Aasen røykte heile sitt vaksne liv. I listene frå midt på 1800-talet over det han skulle ha med seg på samlarferdene, er gjerne fleirtalsforma «Piber» brukt. Det tyder på at han røykte dagleg. Det som er minst like interessant i denne samanhengen, er at han i 1840-åra hadde med seg «Fyrtøi», «Knøsk» og «Solglas» (brennglas). Dette må vere for å få fyr på pipa. Flint, stål og knusk utgjorde til saman «fyrtøy» heilt til fyrstikkene kom, og hadde ein først fått ei glo i knusken, var det ikkje vanskeleg å overføre varmen til pipa. Solglaset gjorde truleg same nytta.

Bitemerka på munnstykket til pipa tyder på hard bruk. Aasen avslører i dagboka at han kjøpte ny tobakkspung fordi den gamle er utsliten. Tobakk kjøpte han rett som det var, men om det også omfatta skråtobakk skal vere usagt. Han hadde i alle fall spyttebakke i 1875.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om pipa til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

25. november 1867
Hos Malling med Symra. En Pibe.

DAGBOG PAA EN REISE TIL BERGEN OG UNDER OPHOLDET SAMMESTEDS, I SLUTNINGEN AF JULI OG BEGYNDELSEN AF AUGUST 1841
«Bylivet behagede mig aldeles ikke; jeg længtes inderligen tilbage til de grønne Skove, syngende Fugle og klare Kilder, hvor man uforstyrret med Piben i Mund kan gaae, sidde og ligge, hvorsomhelst man behager, og hvor man har Leilighed, om ikke til Andet, saa dog - til at tænke og drømme.»


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste