REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

hammar
  • Mann for sin hammar av Jørgen Norheim
  • Hamrar på Ivar Aasens tid
  • Om hammaren til Ivar Aasen

Mann for sin hammar

Jørgen Norheim


– Om eg hugsar Ivar Aasen? Hammaren ser på oss med open munn, med ei djup fure over nasen og øyra rett til vers.

– Sjølvsagt. Få gav meg så gode dagar som han. Sommaren gjennom låg eg i ro til eg vart vekt utpå hausten. Då vølte han skorne sine etter å ha vandra sommaren lang gjennom norske dal- og målføre. Trehendt var han ikkje. Som bondegutar flest kunne han svinge ein hammar, men ein briskar seg ikkje over det som alle kan.

– Keisamt? Nei, eg låg der i skuffen og levde godt, men utan å ruste. Han trong meg til å slå spikar i veggen så han kunne hengje av seg hatten. Og for å få strekt tørkesnora over omnen så han fekk tørka kleda sine når han våt av snø kom opp trappene i Teatergata etter å ha vandra gatelangs i Kristiania. Om sommaren slo han med liv og lyst inn ein spikar ute, så han fekk tørka badedrakta si etter eit svalande bad nedanfor festninga.

 

– Kvar eg kjem frå? Slik spør ein dåre. Eg og mine har vore kjende i om lag 350 000 år som våpen og verktøy. 350 000 års røynsle smelta om til reiskap for kvardagsmenneske.

Til å snikre vogger og kister
Til å byggje og bu
Til å klinke båtar og vogner så ein kjem seg ut i verda
Til å knuse fordommar
Til å meisle ut setningar
Til å tømre ordbøker

Det ligg mytisk kraft i ein hammar. Dommaren nyttar hammaren for å påkalle ro i retten. Stortingspresidenten lyfter hammaren for å banke igjennom jamstellingsvedtak. Når auksjonariusen let hammaren falle, er kjøpet gjort.

Den treng ingen gullpenn som eig ein lett handhammar. Konsentrert kraft. Med eit slag frå ein 250 gram tung hammar oppstår ei kraft som er 1300 gonger større. Eit litet Ord gjerer stundom store verk.

Men den som lyfter Hamaren for høgt, han slær for lint.



Hamrar på Ivar Aasens tid


Hammaren er ein typisk arbeidsreiskap. Svært mange handverkarar bruker - eller brukte  - hammar, og derfor finst det så mange typar: Snikkarhammar, skomakarhammar, kulehammar, klinkehammar, steinhammar og smihammar for å nemne nokre. Det ein slår med, blir kalla banen, og det har alle hamrar. På motsett side av skaftholet har hamrane mange slags utformingar alt etter kva dei skal brukast til. Snikkarhammaren har klauv til å dra ut spikar med, kulehammaren har kule til å klinke med, skomakarhammaren og steinhammaren har penn, dvs. han er flatslegen. Ettersom mange av dei gamle handverka er på veg inn i gløymsla, er også nemningsbruken på reiskapane på vikande front.

Den hammaren vi her har med å gjere, er ein forholdsvis liten hammar, berre rundt tre fjerdedelar av ein vanleg snikkarhammar. Sjølve hammaren er støypt i ei form, og ikkje smidd, slik eldre hamrar har vore laga i generasjonar. Spor etter skøytane i støypeforma viser at så er tilfelle. Denne hammaren var temmeleg sikkert rimeleg i innkjøp, og det er freistande å karakterisere han som ein leikehammar for born.

Om Aasen sin hammar var rimeleg, er han likevel utstyrt med klauv liksom ein skikkeleg snikkarhammar. Hammaren var stor nok til å slå inn småspikar eller stiftar i ein vegg. Kanskje ville Aasen hengje opp eit bilete? Kom spikaren på feil plass, var det lett å dra ut att spikaren med klauva og slå han inn att på rett plass.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om hammaren til Ivar Aasen


I breva og dagbøkene til Ivar Aasen er det svært vanskeleg, ja, nærast umogleg å finne noko som har å gjere med hamrar, snekring, eller kanskje slik Aasen sjølv ville ha skrive det på dansken sin: «Istandsat en Kiste». Men noko slikt finn vi altså ikkje. Vi veit likevel at Aasen må ha vore rimeleg fingernem. Etter tradisjonen veit vi at han både laga skriveskrinet sitt sjølv, og dessutan ei dragkiste som han sorterte plantane sine i då han budde på Solnør. Både dragkista og skriveskrinet finst i basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet. Desse gjenstandane må Aasen ha brukt hammar for å lage.

 
Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste