REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

kikeoskje
  • Vi ser, vi ser, det er det vi gjer av Einar Økland
  • Biletbetraktarar på Ivar Aasens tid
  • Om biletbetraktaren til Ivar Aasen

Vi ser, vi ser, det er det vi gjer

Einar Økland


Auga er den rastlause moderniseringsagenten i mennesket si historie - janusdøra der ei røynd går ut og ei anna inn. Auga kan ikkje la vere å skilje og gruppere: Nytt frå gammalt, likt frå ulikt, stort frå det lite, viktig frå det uviktig. Auga hungrar etter å sjå meir mat, andre landskap, fleire nytingar, ukjende løysingar og løyndomar, nye himlar. Auga driv sin eigar ut på reiser, inn i strev. Vil sjå betre, hatar hindringar. Har ikkje berre funne opp glasperla og drikkeglaset, men har sett vindaugsglas inn i veggen for å sjå ut og hengt opp ei glaskule med vatn til å sjå gjennom når finarbeid skulle utførast. Briller av glas på nasen, til hjelp når synet sviktar. Handheldne aukeglas for betre å sjå slikt som elles er for smått. Kikkertar med slipte linser for å sjå det som er for langt unna for auga. Mikroskop for å granske det som er mindre enn støvkorn. Mindre og mindre. Det og det og det.

-Men auga vil meir enn berre fylle seg med nytt. Det vil òg halde fast slikt det har sett. Det modernistiske auga har difor funne opp strekar som kan tøyast og bøyast til dei syner kva auga har sett. Jamvel lyden for det ein har sett - orda- kan ein gjere synleg med strekar. Store strekar og små, rissa i sand eller berg, med eller utan fargar. Til ære or auga. Auga vil ha det så, for auga vil dele med seg og syne andre kva det har sett.

Auga har funne opp skrifta. Andre på staden skal sjå det same. Og for dei lenger unna - brevet. Og for dei mange og fjerne - trykkekunsten som massespreier skrifta og til andre augo: Observasjonar. Fakta. Jamføringar. Innsikter. Funn. Framsyn grunna på målingar. Målingar gjort med instrument som auga les av. Det gjeld heile tida ei røynd: Røynda forstått. Røynda reprodusert. Røynda stilisert.

Med briller på nasen, i eit rom med vindauga, under ein lampe av glas sat Ivar Aasen og kikka gjennom ei forstørrande linse fastmontert i ein lita treøskje med feste for eit lite fotografi i brennpunktet. Kikkeapparatet var kring 1880-åra ein modernitet. De moderne og populære bilda på den tid var visittkorta med atelierfotografertepersonportrett. Ansikt, kroppsfasong, klær. Kan hende har Aasen studert eit foto av seg sjølv i dette apparatet, men helst såg han andre. Kva såg han, kva såg han etter? Heilt sikkert både likskapar og ulikskapar med røynda. Aasen var sjølv modernist som observatør og vitskapsmann dei åra fotografien var ny. Han bruka sjå på ord og dei språklege detaljar ingen hadde sett skikkeleg på. Sidan snakk og ordlydar ikkje kunne reproduserast teknisk den tid han levde, reiste oppteiknaren Aasen kring som eit mobilt atelier for synleggjering av ord. Dei orda han hadde høyrt, måtte skrivast for å lesast med augo. Den optiske fotobetraktaren hans for «cartes de visite» vitnar ikkje om sviktande syn, men heller om at språkbetraktaren Aasen hadde eit moderne blikk. Om hans auga er borte, ser vi det.



Biletbetraktarar på Ivar Aasens tid


Det eldste fotografiet ein kjenner er frå 1839. Dette er ein såkalla daguerreotypi, og det spesielle med denne typen bilete var at det vart lage berre eitt bilete for kvart opptak. Etter mykje prøving og feiling vart det gjort tekniske framsteg på området, og i 1850-åra var teknikken komen så langt at fotografen kunne lage ei negativ eksponering på ei glasplate, og frå denne kunne han så framstille så mange kopiar han berre ville.

I perioden 1860-1920 stod portrettet i sentrum hos dei fleste fotografar. I byane var det alt trongt om plassen. Mange nyetablerte fotografar bygde derfor atelier ved militærleirar, fabrikkstader, læreanstaltar og liknande der nye folk kom og gjekk. Portrettbileta vart kopiert på eit tynt fotopapir for så å bli lima på ei papp-plate. Dette vart kalla visittkort. Kunden kunne kjøpe så mange han ville. Både på framsida og baksida av kartongen stod som oftast namnet på fotografen, dessutan opplysningar om at «Pladen opbevares». Fotografane hadde eigne portrettalbum til sals for visittkort, og i mange heimar den dag i dag ligg det slike album – for det meste fylt med portrett av folk ein ikkje kjenner namnet på. Visittkorta var nemleg ein stor og populær gåveartikkel frå sist på 1800-talet.

Å kjøpe ein forstørra kopi av eit portrett kosta ein god del meir enn ein masseprodusert kopi. Det var det ikkje mange som hadde råd til. Det er her biletbetraktaren kjem inn. Ved å setje eitt og eitt bilete i dette apparatet, kunne ein få sjå ei forstørra utgåve av bileta. Kva ord dei brukte på denne kikeøskja på 1800-talet, er ikkje godt å seie, men «betrakter» kan ha vore eit aktuelt uttrykk. Denne nemninga finst ikkje i Aasen si ordbok, men han hadde altså utstyret! Kva han kalla det sjølv, etter at han hadde fått det i hus, er også heilt uvisst. Han nemner det korkje i dagbøker eller brev.

Apparatet er laga i eit engelsktalande land, og er omtala slik på originalspråket: «Folding viewer for cartes de visite provide magnified image of card set in sliding holder». Omsett til praktisk nynorsk blir det noko slik som samanleggbart forstørringssapparat for portrettbilete. «Cartes de visites» er fransk, og vart altså omsett til «visittkort» då desse bileta var på det mest populære.

Eit slikt apparat med to linser blir kalla stereoskop. I dagboka for 1860 skriv Aasen at han har «Kjøpt Stereoskop med fem Billeder». 14 dagar seinare kjøpte han «Nye Stereoskopbilleder». I dette apparatet kunne han sjå tredimensjonalt.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om biletbetraktaren til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

30. juni 1860
Ferdig med Overgangsformerne (§ 150). Nye Billeder. I den sidste Tid en daarlig Tilstand med Ildebefindende for Brystet og Hjernesvaghed. Besluttet indtil videre at holde op med Grammatiken for at komme i Stand igjen.

15. april 1862
Til Vertinden 15 dl. Billeder hos Brambani, fire, tilsammen 1 dl. 10 s.

23. august 1862
Færdig med Udkast til Fortalen. Meltzers Smaabilleder, 72 s. Faaet «Skrift og Umskrift».

30. mai 1870
Hos Malling. Fotografiebilleder 30 s.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste