REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

lupe
  • Vindauget over orda av Lars Mæhle
  • Luper på Ivar Aasens tid
  • Om lupa til Ivar Aasen

Vindauget over orda

Lars Mæhle


og eg som skulle skrive noko fint, og eg som skulle skrive om Ivar Aasens lupe, reiskapen han måtte bruke for å gripe det skarpe i bokstavane, for å i det heile kunne tyde skrifta, orda, sjåglaset hans, og eg som berre klarte å tenke på plassen der Ivar Aasen leika som ung, og som konfrontert med sjåglaset berre klarte å tenke på meg sjølv, for der stod eg plutseleg oppe på Ivar Aasens leikeplass igjen, på høgdedraget over heimstaden hans, og eg som skulle lese høgt for barna der oppe under Dei nynorske festspela, i programmet omtala som «Under luren himmelturen», og eg som skulle skrive om Ivar Aasens lupe, men som berre tenkjer på barna oppe på høgdedraget, dei tumla rundt og overalt, barna, dei gjorde alt anna enn å høyre på at eg las, dei tumla omkring på nøyaktig same stad som Ivar Aasen sjølv hadde tumla omkring som ung, truleg lenge før han var nøydd til å bruke sjåglas for å gripe det skarpe i bokstavane, og eg blir brått slått av det absurde ved dette biletet, Ivar Aasen som ung, eg klarar berre å sjå for meg Ivar Aasen som gammal, slår det meg, nettopp da han ikkje var ung, da synet skranta og han måtte bruke lupe, og eg tenkjer at sjåglaset var Ivar Aasens himmel over orda, og at han la seg sjølv i orda akkurat slik eg sjølv legg meg i sjåglaset, her, no, lupa er ikkje noko anna enn eit vindauge til oss sjølve, tenkjer eg, orda som kjem fram i sjåglaset vekkjer til live bilete som alt er framkalla i oss, det skarpe i bokstavane nappa i Ivar Aasen sine minne og erfaringar, akkurat slik sjølve sjåglaset no trekkjer i mine minne og erfaringar, slik er det, og eg som stod der oppe på høgdedraget med barna tumlande rundt og overalt, og det hadde for lenge sidan gått opp for meg at eg hadde mislykkast, og likevel måtte eg stå der og slyngje ord etter ord ut i lufta, ut i eit knugande ingenting, for ingens øyre, for ingens syn, ein endelaus straum av ord som berre svirra ut i tomme lufta, mange av dei same orda som Ivar Aasen hadde sett gjennom sjåglaset, mange av dei same orda som Ivar Aasen hadde skapt, og eg som hadde mislykkast, og eg som skulle skrive om Ivar Aasens lupe, og eg som skulle skrive noko fint



Luper på Ivar Aasens tid


Linser som gjer det mogleg for langsynte å lese lita skrift, er kjende frå 1200-talet. I prinsippet er det tale om samlelinser, og dei har ulik utforming og styrke alt etter kva dei skal brukast til. Er linsene store i omfang, blir dei gjerne kalla forstørringsglas, er dei mindre, er lupe ei vanleg nemning. Ein monokkel derimot er eit brilleglas som blir sett inn i eine augehola.

 

Ved å setje to linser i ei innfatning, får ein anten briller eller lorgnett. Den første er halden på plass med stenger bak øyro, medan den andre er festa med ei klype på nasen. Det er uklart når det vart vanleg å bruke briller, men det er grunn til å tru at det var på 1700-talet. Aasen brukte briller. I dagboka til Aasen frå 1880-åra er det stadig tale om briller og brillestenger som må reparerast. I 1867 kjøper han seg «Et Størreglas», og det kan vere lupa det her er tale om. Denne forstørra nok mykje meir enn eit brillepar kunne gjere. Det er elles interessant å merke seg at ordet lupe ikkje er nemnd korkje i dagbøker eller brev.

Til slutt må vi ta med at denne lupa er mest kjent frå Joh. Nordhagen si radering av Ivar Aasen frå 1888. Målaren og grafikaren Johan Nordhagen hadde stipend på denne tida, og den 4. januar troppa han opp hos Aasen for å lage ei portrettskisse av den aldrande mannen. Det var granskaren han ville portrettere, og han ber Aasen ta fram lupa. Aasen skriv beint fram at det var eit «Kjedelig besøg af Portrettmaler Nordhagen». Aasen er òg portrettert med ei lupe i det kjende måleriet av Lars Osa, og dette verket er å sjå i basisutstillinga i Ivar Aasen-tunet.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om lupa til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

16. desember 1867
Et Størreglas 108.

11. september 1884
Kjøbt Briller: 1,75. Klingenbergs Have.

Frå Ivar Aasens brev

«Min Helbred er rigtignok ikke meget stærk, men dog saa nogenlunde jævn og god. I Vintertiden pleier jeg rigtignok at faae visse stærke Tilstød af Krim og Hoste, og i denne Vinter har det ogsaa varet meget længe; men forøvrigt har jeg dog ikke noget stort at klage over. Øinene ere tildeels ogsaa meget svage, men med godt Dagslys pleier jeg dog at see baade smaat og stort; og ialfald har jeg endnu ikke været nødt at bruge Briller.»

I brev til Sivert Steinnes 20. april 1876


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste