REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

pennen
  • Pennen av Hallgeir Opedal
  • Pennar på Ivar Aasens tid
  • Om pennen til Ivar Aasen

Pennen

Hallgeir Opedal


Gå fyrst, du,
sa dei til han.
Berre gå, ikkje stans, vi kjem etter.
Så han gjekk.

Fast og rapt, trava han av garde,
og godt følgje gjorde vegen lett.
Kvite ark,
eit blekkhus med utenkte tankar,
og eg.
Alltid var eg med.

Han gjekk mot havet i vest,
mellom bakkar og berg mot nord.

Han sa:
Beint fram er stuttast, men ikkje alltid lettast,
og vende mot sør.

Stundom såg han seg tilbake,
der han høyrde ljomen frå dei andre.
Var det ikkje Bjørnstjerne Bjørnson som der kom?
Jo, for fanden.

Og bak han Vinje og Garborg.
Men -
fann dei ikkje fram?
Såg dei ikkje vegen han hadde varda?

HER, ropa han, HER GÅR VEGEN!
Men det er fåfengt å rope der ingen høyrer.
Hald fram, kviskra vinden, berre gå, dei kjem.
Det er leitt å vente lenge for lite, tenkte han,
eg lyt bruke vettet som vett har.

Han gjekk mot aust,
og sakka hasten,
for lang veg og veike føter høver ille i hop.
Han la seg til å kvile.

Aldri meir skulle han sjå seg tilbake, men meg sleppte han ikkje.

Hardt heldt han med krokete fingrar,
skrapa splitten over arka:
Eg tyktest hava litet gjort
mot alt eg vilde gjera.

Kvat er dette livet? Kor kom det her,
og kvar vert det av det, når ut det fer?

Han tenkte:
Ikkje alt går så vel som ein håpar,
men nokon kjem vel til å komme?

Han skreiv at døden er enden på alle segner, men også der tok han feil.
For det vil eg no berre ha sagt:
Utan meg var Ivar Aasen gløymd.
Den som kan tenkje med ein penn, skal aldri døy.



Pennar på Ivar Aasens tid


Ivar Aasen skreiv høgst rimeleg sine første ord med griffel på steintavle. Ein griffel er ein slags stift, og kjem frå det greske ordet grafeion, som tyder skrivereiskap. Når ein skreiv på tavla, kom skrifta fram i grått, og ein kunne vaske vekk dette etterpå. Av naturlege grunnar er difor ikkje noko av dette bevart. Derimot er svært mykje av det han skreiv med fjærpenn og blekk i behald. Stålpennen kom i bruk ein gong kring 1850, men det er ikkje sikkert at Aasen var mellom dei første som prøvde ut det nye. Han vart fråstolen pennekniven sin i 1843, og så seint som i 1866 hadde han «Lommekniv» med på reiser. Men om lommekniven var for å spisse fjørpennar eller blyantar, er uvisst. Stålpennar står nemnt fleire gonger i dagbøkene frå 1880-åra, men så lenge brukte han neppe fjørpenn.

Penneskaft av kork var ei motesak sist på 1800-talet. Bjørnstjerne Bjørnson hadde eit tjukt korkeskaft for å unngå skrivekrampe, og det er truleg den same tanken som ligg til grunn hos Aasen då han kjøpte 20 pennar og eit korkeskaft i 1884. I 1888 kjøpte han fleire «Penneskafter», kanskje var også desse av kork?

Aasen hadde vanskar med å skrive på denne tida. Plagene sine avslører han for oss i eit brev til bror sin, Sivert Steinnes, 15.2.1886: «Og nu i de sidste Aar falder da al slags Skrivning mig besværlig, da jeg tidt og ofte er saa skjælvhendt og lam i Fingrene, at jeg har stor møie for at skyve Pennen og skrive tydelig.» Det høyrer med til historia at det var lettare å skrive om sommaren når det var varmt, enn i vinterhalvåret.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om pennen til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens brev

«Hr. Candidatus.
Da Henrik nu reiser hjem, kunde jeg vel have en og anden Hilsning at sende med ham; men da han formodentlig har en heel Sæk fuld af mundtlige Hilsninger, saa vil det vistnok være mere bekvemt og mageligt for ham, om en Deel af Hilsningerne ere skrevne paa Papiir, og saaledes vil jeg da denne Gang tage Pennen til Hjælp.» Ivar Aasen i brev til Ludvig L. Daae, 17. desember 1851


Frå Ivar Aasens dagbøker

22. september 1864
Staalpenner 8, Skaft 6. Forsøgt at skrive med Lys; gik meget besværligt.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste