REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

Hatten
  • Skinnvottane hans av Kine Hellebust
  • Vottar på Ivar Aasens tid
  • Om vottane til Ivar Aasen

Skinnvottane hans

Kine Hellebust


Ivar Aasen noterte dato og pris på det han kjøpte, derfor veit vi at han var over 78 år då han kjøpte desse vottane. Han var ferdig med å samle ord til landsmålet, og hadde sikkert blitt av med mange vottepar; men kjøpte seg likevel nye. Kvifor?

Mora døydde då Ivar berre var 3 år. Kven fortalde han kor viktig det er å ikkje fryse på hendene? At røynsla frå gamle dagar seier: Tynne klede gjev kvarmann gikt.      

Vi burde ta med oss lærdomen hans, sidan folk enno rek rundt i tynne trøyer vinterstid og ikkje tenkjer på at kroppen ikkje er skapt for kulde. Gikt er ikkje noko berre gamlingar får.

Ivar Aasen er på reise i all slags vêr, med hatt på hovudet, skjegg under kjaken og skjerf om hals. Han fer med hesteskyss, med båt, og går etter vegar. Kikar somme tider på plantene i vegkanten, og nikkar. Han har ei gjerning å gjere, ein draum å fylle, og eit mål å trå etter.

Førestell deg at det kan ha vore slik: Ein sein kveld på Hamarøy sommaren 1851. Ivar Aasen går ombord i ein åttring på veg nordover.

– Kor langt ska du? spør høvedsmannen.
– Til Tromsø. Svarar Ivar.
– Det e utrygt på fjorden, men e du van med båt, kainn du følgje med tel Harstad.

Ivar kliv om bord, og båten set segl. Det blir ei uroleg natt. Vinden ruskar i seglet, og båten stampar i bølgjene, mens karane passar rigg og rå. Ivar tek på seg vottane, mens høvedsmannen blæs seg i kalde nevar og fortel om leia dei går. Ivar Aasen lyttar og nikkar stundom eit: Seier du det?

Etter midnatt på andre døgnet løyer vinden, og ei branngul nattsol lyser høgt over Grytøyfjella då dei får Trondarnes kyrkje i framstamnen.                                         

Turen er over, og Ivar kliv over ripa. Han tar av seg vottane og gir dei til høvedsmannen.

– Ein takk for turen, seier han. Høvedsmannen tek vottane på seg og svarar:
– Du treng dem vel best sjøl, som skal einno lenger.
Men Ivar Aasen ristar på hovudet og smiler:
– Det er kaldt når ein står, men varmt når ein går.



Vottar på Ivar Aasens tid


Vottar høyrer vinteren til. Dei gamle primstavane hadde oftast ein vott som merke eller symbol for vinternatta den 14. oktober. Primstaven, som var forfedrane våre sin kalender, har røter attende til mellomalderen og er dermed ei av dei eldste kjeldene vi har om dette klesplagget. Sokneprest Hans Jacob Wille (1756-1808) i Seljord forklarar kvifor votten er merke for vinternatt med «at man da må begynne å væpne seg mot kulden».

Dei fleste vottar har to rom; eit lite rom for tommelfingeren og eit stort for dei fire andre fingrane. Slik kan ein gripe eller halde i noko, sjølv om ein har vottar på. Det er så mange slags arbeid ein gjer med fingrane, og det finst derfor fleire ulike typar vottar. Det er til dømes stor skilnad på å sitje roleg i ein skysslede ein iskald vinterdag, og å setje agn på ei line i eit naust.

Til liks med hattar, kan vottar òg vere prega av ulike motar. Eit par døme er selbuvotten, fingervotten og pulsvotten. Vottar er som regel strikka, men det finst ingen regel utan unntak: Skinnvottane til Aasen er sydde saman av bereidd saueskinn der ullsida vender innover. Her er det ikkje brukt strikkepinnar i det heile.

Det finst mange nemningar for vottar, men når Aasen skriv Skindvanter (1875) og Skindvotter (1885) i dagboka, er det nok dette votteparet han tenkjer på. Strikka vottar som var forsterka med vadmål eller skinn på gripesida, blir gjerne kalla grepavottar eller lovvottar. Slike hadde neppe Aasen, teoretikar som han var, men han har både belgvottar og lovevottar i ordboka si.

Aasen var frosen av seg, og han klaga ofte over at han fraus på hendene: « (…) forhindret fra at skrive ved Frost paa Fingrene af den slemme Kulde.» (1849), «sygelig av Frost» (1856), «Piinsle av Frost»(1871), og i 1875 har han både «Frost i Hænderne», «Fingerværk» og «Hovne hender». Skinnvottane lindra truleg smertene, men han kunne ikkje skrive med vottar.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om vottane til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

2. oktober 1864
Meget koldt.
3. oktober 1864
Votter

25. november 1885
Stor Kulde.
26. november 1885
Skindvotter: 4,80.

3. november 1886
Regn og Søle. Et Par Votter 3,50.


Dagbladet om vottane

I minneordet om Ivar Aasen, som stod på trykk i Dagbladet same dagen som han døydde, er det ei skildring av språkgranskaren med vottar:

«Ivar Aasen – som han gikk der med sin lille pjuskede brune Hat, ludende forover, saa man kunde være bange for, han vilde falde paa sin Næse, med de hængende Skuldre, sigende i Knæerne, subbende i sine egne slarkende Galoger og de graa, tykke og tunge Blavaatter, som om han var kommen fra eller skulde du og ro Søndmørfiske; Ivar Aasen med dette Ansig, som saa sjelden forraadte, hvad det gjemte, med denne anspændte Pande, disse knudede Tindinger, disse Læber, som var saa døde, naar der ikke tilfældigvis spillede et Smil paa dem; – denne hele Fremtoning, som man kunde tro var en liden Skipper, hvis han ikke havde set umulig ud til det ogsaa, – skal det kunne være Norges Romantiker?»


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste