REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

sko
  • Plass med fontene og nokon som dansar av Rønnaug Kleiva
  • Sko på Ivar Aasens tid
  • Om skoa til Ivar Aasen

Plass med fontene og nokon som dansar

Rønnaug Kleiva


Kvelden er mild, til å gå sakte i gatene. Tidlegare på dagen har det regna kraftig, men no har det klarna. Kelnarane fjernar væte av stolane og borda. Folk set seg og samtalar vennleg, bestiller noko å drikke. I gatene fordampar regnvatnet frå asfalten. Berre her og der sølepyttar. Fukt har trengt inn i skorne mine. Men om det ikkje byrjar regne igjen, vil dei tørke.

På den store plassen er ei fontene. Frå ein eller annan stad strøymer musikk. Fontena endrar farge og styrke og lys etter som musikken skiftar. Rosa, grønt, gult. Blått. Ein adagio. Vivaldis sommar. Mozart. Dovregubbens hall. Rundt fontena glir folk i små grupper, auga delvis festa på vatnet som sprutar.

Nokre gutar byrjar bevege seg. Dei slår hendene i hop, skyt hoftene fram og stampar med føtene. Klare i blikket smiler dei mot kvarandre. Dei dansar. Ein av dei puttar ei hue på hovudet. Han set hovudet i asfalten og dansar. Hovudet er senteret, i bakken, han sviv rundt. Slit ikkje på skorne, men peikar med beina mot himmelen.

Eine skoen min har byrja streike. Mellom stortåa og neste tå har noko gått i stykker. Eg kjenner ikkje språket her, ikkje ordet for sko, heller ikkje for skomakar eller reparering. Best berre å peike og finne seg nytt skotøy, men først få seg ut nokre setlar i ein minibank.

Kvelden før har ei eldre kvinne synt meg bilete frå då ho var ung, bøygd seg ned og tatt opp foto frå ein skuff. Kvinne i snøen, ski på beina, andlet smilande mot nokon som tar bilete. Kvinne i bikini, ved havet, hovud på skakke, smilet litt forsiktig.
– Det er eg, seier kvinna.
– Ja, seier eg. – Det ser eg.
– Ser du det? seier kvinna. Ho løftar hovudet  og ser på meg. Med møde set ho seg på ein stol og snører på seg eit par robuste skor.
– Ein treng gode sko, seier ho.
Eg strekkjer fram beina. På føtene har eg mjuke skinnskor.
– Så fine, seier kvinna.
– Ein treng mjuke sko når ein skal danse og leike, seier eg. Eg ler:  – Det er alltid nokon ein skal danse og leike med.
Kvinna drar sjalet tettare om halsen. – Ja, seier ho. – Det er fine sko.

Framleis dansar gutane, hovud i asfalt eller mot himmelen. Føter hit og dit, armar hit og dit. Av og til åleine, andre gonger fleire saman.

Men det tar til å bli repeterande.  Eg går for å finne ein stad å kvile føtene og få meg eit glas.



Sko på Ivar Aasens tid


Her til lands har folk brukt sko så langt attover ein veit. Dei første nordmenn brukte skinnsko, men etter at folk lærde seg å garve, sydde dei seg sko av lêr. Det var eit stort framsteg fordi ubehandla skinn tørka og vart stivt, medan lêr som var tilsett feitt, heldt seg mjukt og var meir motstandsdyktig mot ròte.

Skomakarfaget er av dei eldste handverka ein kjenner til i Noreg, og alt på 1200-talet var skomakarane organiserte. Fram mot 1900 var så godt som alle sko handsydde, men frå 1890-åra kom det meir og meir fabrikkarbeidd fotty i handelen. Utover på 1900-talet minka det av med skomakarar som sydde sko frå grunnen av fordi det etter kvart vart uråd å konkurrere med fabrikkane. Skomakarane konsentrerte seg meir og meir om reparasjonar av brukte sko, og ein byrja å ta i bruk omgrep som halvsoling og flikking av hælar.

Sjølv om lêr var hovudmaterialet i nye sko, vart det også laga sko der vovne materialar, altså ty eller stoff, erstatta overlêret. Det er eit slikt skopar Aasen etterlet seg. Desse var mjukare å ha på føtene enn reine lêrsko. Det er ei kjent sak at Aasen var plaga med vonde føter. Det er derfor ikkje til å undrast over at han kanskje vart tilrådd å prøve noko nytt. Sist i 1880-åra og i –90-åra klaga han ofte  i dagboka: «Meget plaget af Ligtorner.» «Gaaet i sko, lidt bedre i Fødderne.»  

Det er ikkje til å unngå å leggje merke til at båe hælane er slitne på høgre sida. Det kan sjå ut til at Aasen har halla til høgre når han gjekk. Det galdt altså å trø slik at det ikkje gjorde vondt! Det ser ut som om Aasen har unngått å trø på yttersida av venstrefoten og innsida av høgrefoten.

Fram til 1880 budde Aasen i Teatergata 6 i Kristiania. Han leigde to rom over inngangsporten i eit hus, og han fraus på føtene kvar einaste vinter. I desember 1867 kjøpte han seg «nye Filtsko», og desse hadde han lenge. Læraren og venen Lars O. Skjegstad fortel følgjande i sine «Erindringer»: «Han havde skaffet sig et par store tykke filttøfler, som han stadig gikk med inde naar det var koldt, men var alligevel ofte kold, sa han.» Desse tøflene  var sikkert også gode med tanke på liktornane.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om skoa til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

31. oktober 1879
Nye Filtsko. Atter Regn og mørkt Veir.

1889
16. mars
Atter mildt. Markedsveir. Meget plaget af Ligtorner.
19. mars
Gaaet i Sko, dermed lidt bedre i Fødderne. En sjuk Kjerring 1 Kr. 20. Endelig en Stund paa Storthings-Galleriet.
26. mars
Meget daarlig i Fødderne.
28. mars
Hos Unger. Pinsel af Ligtorner.
31. mars
Lidet ude. Veiret i Maaneden vexlende. Helbred svag. Nogen Hoste. Stor Plage af Ligtorner og Svaghed i Fødderne.

Frå Ivar Aasens brev

«For at du imidlertid kan vide, hvad denne Tilbagevei tilfods betyder, maa jeg oplyse, at det var en Reise til Sætersdalen, som jeg foretog i Slutningen av forrige Maaned; jeg reiste da her fra Byen og lige til Valle, som er 17 Miles Vei; da jeg nu skulde derfra tilbage til Byen igjen, brugte jeg den hele Vei mine egne Fødder til Skyds, hvilket gik ganske godt an, da jeg ikke havde noget Tøi at drages med, og Veiret desuden var saa koldt, at man blot ved en saadan Bevægelse kunde holde Varmen i sig. - Men jeg bør fortælle mine Reisehistorier med mere Orden, saa at de følge med Tiden hvori de ere forefaldne.»

I brev til Maurits R. Aarflot 21. desember 1844


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste