REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

Hatten
  • Beltepung av Eva Jensen
  • Beltepungar på Ivar Aasens tid
  • Om beltepungen til Ivar Aasen

Beltepung

Eva Jensen


Det bip-bip-bipar frå mobilen min, og meldinga Ivar Aasens beltepung! kjem opp på skjermen. Klokka er 23.00 og eg er på veg til Mehamn i Finnmark med nordgåande hurtigrute, og vi skal vere framme klokka 19.45 i morgon. Eg skal tene pengar for å halde i gang den vesle familien min.

På høgtalarane seier dei at vi må vere varsame når vi går i trapper og korridorar, for det blæs opp til storm på Lopphavet.

På ei veke reiser eg strekningane Mehamn, Kjøllefjord, Gamvik, Lebesby, Vestertana, Austertana, Kirkenes. På kvar ny stad kjem meldinga Ivar Aasens beltepung! opp på mobilen klokka 15.00. Og det er eg som flyttar meldinga alt etter kor sliten eg kjenner meg av å skulle tene pengar i ein lumsk leigebil frå 1990 med slitne sommardekk, når det brått blir meldt om vinterføre over Ifjordfjellet. Eg rekk å notere meg at språka norsk, samisk, kvensk, finsk og russisk er i aktiv bruk i dette området.

Eit døgn forseinka kjem eg heim. No er eg sliten. Det er litt over midnatt. Ivar Aasens beltepung! blinkar på mobilen. Eg slepper skulderveska rett ned på golvet, eg lét kofferten stå. Sakte går eg opp trappa, med postbunken i hendene tar eg sikte på den gamle, grøne stolen. Brått blir eg vâr ei rørsle. Nokon har slengt seg i den blå sofaen min; ein gyllen beltepung ligg på bordet.

– Du er sein! seier Ivar Aasen.
– Uvêr og innstilte båtar, kvardagskost langt mot nord. Men det veit vel ikkje du stort om, seier eg.
– Og pengane? spør Ivar Aasen.
– Pengane er berga, seier eg. – Det er ikkje som på di tid, at nokon gir deg husrom og mat straks dei forstår kor klok du er. Eg har dessutan fridd til to stykke undervegs, inspirert av deg, legg eg til.

Ivar Aasen tar ein sup av kaffikoppen og dyppar ein av kanelbollane mine i kaffien. Akkurat no er han stille.

Eg ser på Ivar Aasen. Han har valt seg akkurat det same yndlingshjørnet i sofaen som Samson, den gamle katten vår. Katten er død av elde og sjukdom. Men Ivar Aasen ser ut som om han har tenkt å halde det gåande, det er ingenting som tyder på at han er av dei som gir seg.



Beltepungar på Ivar Aasens tid


«Miser’s purse», eller «gjerrigknarkens pung»,  blir denne lange smale pungen på engelsk kalla. Ivar Aasen skal ha vore sparsam med pengane, men det var nok ikkje difor han eigde ein slik pung.

I Noreg blir pungen omtala som «strømpepung» på grunn av fasongen. Den vart også kalla «beltepung», fordi den vart hengt i beltet. I pungen bar Aasen med seg myntar og andre småting. Innhaldet vart teke inn og ut gjennom ei opning midt på posen. Metallringane utgjorde låsemekanismen: Ved å trekkje ringane nedanfor opninga, vart tinga haldne på plass. Ved å trekkje dei ovanfor opninga, fekk ein tilgang til innhaldet.

Sidan han vitja så godt som alle fylka i landet, er det vanskeleg å vite kvar Ivar Aasen fekk pungen frå. Den hekla eller strikka varianten med stålringar som han hadde, var på moten blant både kvinner og menn frå 1860-åra. Materialet var silke eller bomull, og ofte var dei også dekorerte med perler.

På grunn av den enkle utforminga var nok ikkje Ivar Aasen sin pung den mest eksklusive varianten. Men strømpepungen var eit motetilbehør, og såleis ein statusgjenstand. På bygda var pungane av eit anna slag, runde eller ovale poser av skinn, eller stoff med lås på ei metallramme.

Sidan strømpepungen var på mote på same tid som Ivar Aasen var i Kristiania, kan han ha fått tak i den her. Men utover 1800-talet fann strikke- og hekleoppskrifter også vegen til landsbygda. Strømpepungane vart då populære kjærastegåver. Kanskje fekk Aasen pungen av eit av koneemna sine?

Anne Kristin Moe
Etnolog og seksjonsleiar i Bunad- og folkedraktrådet



Om beltepungen til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

2. mars 1877
Møde i Norske Samlag hos Hølaas. Atter Sneefald. 3. Blytt's Flora, Slutningshefte: 15.
Nye Galoscher. En Pung.


Frå Ivar Aasens brev

«Jeg fik med det samme en heel Slump Penge, saa at jeg nu baade har Penge i Sparebanken og har meget Stipendium tilgode og, kort sagt, er rigere end nogensinde før, hvilket rigtignok ikke vil sige meget. - Paa Grund af denne større Formuenhed bliver man naturligviis mere rundhaandet; man klæder sig bedre, gaaer oftere paa Komedien (ikke i Markpladsen, ikke heller gjerne i Hol' an' marken); man lader sine Bøger indbinde og gaaer oftere paa Kafeerne.»

Brev til Ludvig L. Daae, 31. mai 1852


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste