REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

Hatten
  • Hatten av Arne Moslåtten
  • Hattar på Ivar Aasens tid
  • Om hatten til Ivar Aasen

Hatten

Arne Moslåtten


Men kva er det som heng der? Å ja, Jon og fru Andersen. Her har dei staka opp vegen for meg. Bytt gamlehatten med den nye Jon kjøpte til meg. Ja, ja. Ikkje lønt å gjera oppstuss. Eg får ta han der han heng, då.

Henge – heng – héng – héngji,
hange – heng – hang – hange,
henge – henger – hekk – hangi.

Ahh, desse sterke verba. På Karmøy og Toten seier dei hång. Til lags åt alle kan ingen gjera, nei.

Han passar no, kjennest litt stiv og rar, men passar. Kva hjelper det meg med ny hatt når resten er så skrøpeleg? Å bli gamal er noko herk. Det bøter ein ikkje på med ny hatt, nei. Der er Jon òg. Det er godt eg har han her. Utan han hadde eg ikkje kome meg ut or huset.

Kvifor nemner han ikkje hatten? Trur han at eg ikkje har merka det? Skal eg nemne noko om det? Nei, la dei berre tru at gamlingen ikkje har merka noko. Vi får tusle av garde som om ingenting hadde hendt.

Der har vi dørstokken. Er han høgare i dag? Det virkar som han blir høgare med åra. Tull, sjølvsagt, det er føtene som ikkje virkar. Men eg må kome meg ut av og til!

Der kjem det kjentfolk. Får lette litt på nyehatten, då. Lev vel så vil eg seia, og så lettar eg på min hatt. Frå Hallingdal den visa der, var det ikkje slik, tru? Og så seia alle vakre jenter, ei god og ei roleg natt.

Kva er det dei damene står og kviskrar om? Ser hit og kviskrar. Kvifor så løyndomsfulle og skygge? De kunne ha kome beint hit, handhelsa og sagt: God dag, god dag, Ivar Aasen. Vil du ha ein klem? Men det gjer dei ikkje. Ser de at eg har fått meg ny hatt?



Hattar på Ivar Aasens tid


Frå gammalt var det slik at folk ikkje var påkledde utan at dei hadde noko på hovudet. Det var nærast bespotteleg å gå «berrhaua» ute. I kyrkja derimot sat karane utan hovudplagg. I mange gamle kyrkjer, der ordninga med mannfolkside og kvinneside i kyrkja ikkje er viska ut ved nyare restaureringar, finn ein ofte hatteknaggar på høgresida. Karane tok også av seg på hovudet når dei sådde korn, av respekt for gudslånet, men elles ikkje.

Kva hadde dei så på hovudet? Fiskarane hadde gjerne skinnhatt for å halde regn og sjøsprøyt ut or augo, medan bønder og andre vanlege folk brukte ein blautare filthatt. Det er ein slik filthatt Aasen er fotografert med på sine eldre dagar i Kristiania.

Då Aasen besøkte Bergen i 1841 kom han i kontakt med folk i hatt, og han kjem med følgjande sukk i dagboka: « (...) denne evige letten paa Hatten, denne Bukken og Skraben med al den øvrige Skikk og Seremonie; hvorledes maa dette forekomme et Naturens Barn?». Det står ikkje kva han sjølv hadde på hovudet, men truleg var det ein blauthatt.

Etter mange år i Kristiania og med omgang innafor alle klasselag, kjøpte altså Ivar Aasen seg bowlerhatt – eller skalk som ein gjerne sa. Hattetypen vart teikna i England i 1850, og den nye hatten vart enormt populær i andre halvdel av 1800-talet og eit stykke inn på 1900-talet. Det var ein mellomting mellom overklassen sin flosshatt og underklassen sin blauthatt. Slik kunne altså Aasen bruke skalken når han hadde samkvem med statsrådar og professorar, og ein mjukare hatt – eller kanskje topphue – når han var saman med andre.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om hatten til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

4. juli 1893
Ved Fagerhol kjøbt 1 Hat, 7 Kr.; Halsplagg 3 [Kr.]. Kroken 17,10.


Jon Fagerhol om hatten

«– Den svarte stive hatten hans tok til å verta noko mangefarga og fingerfaren. Eg sa han måtte få seg ein ny hatt. Og det høyrdest som han var med på det. Men å finne maken – og det måtte det vera – det var lettare sagt enn gjort.

Endeleg fann eg ein som høvde. So var det å få han til å bruka hatten – at han ikkje tok den gamle. Jau, fru Andresen tok den gamle ned av knaggen i entréen, og hengde opp den nye. Det gjekk fint. Og no heng hatten i Aasen-stova i Aasen-tunet på Sunnmøre.»

Frå Eit og anna frå samvære med Ivar Aasen, skrive av Jon Fagerhol. Jon Fagerhol var ein ung slektning av Ivar Aasen, som såg til han og gjekk ærend for Aasen dei fire siste åra han levde.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste