REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

reiseskrivebord
  • Skrinet mitt av Ruth Lillegraven
  • Skriveskrin på Ivar Aasens tid
  • Om skriveskrinet til Ivar Aasen

Skrinet mitt

Ruth Lillegraven


Eg stryk fingrane over det glatte treverket. Så lenge det har vore med meg no. Så mange reiser, så mange bokstavar, så mange ord, så mange menneske, så mange samtalar. Eg legg skrinet på fanget mitt, opnar det. Finn fram pennen, hentar fram blekkhuset frå eit av dei små romma. Blir sitjande. Så mange ord, så mange bokstavar, og ingen av dei kan hjelpe meg no, alt eg tenkjer på er huda hennar, håret hennar, hendene hennar, hoftene hennar.

Kjære skriv eg. Så stansar det opp. Det blir kanskje for mykje? Det høver seg kanskje ikkje? Men kva anna skal ein skrive? Eg kan ikkje dette. Det brune treverket er vakkert. Eg har valt det sjølv. Skrinet har eg snikra sjølv. Det er slik eg vil ha det. Eg har det alltid med meg.

Eg vil skrive til henne. Eg vil skrive at eg sette så pris på å møte henne. At eg har tenkt så mykje på henne etterpå. At eg gjerne vil sjå henne att. At ho er vakker. At eg er einsam. Nei, det kan eg ikkje skrive. Eg kan ikkje skrive. Orda har forlate meg. Orda som er mine, orda som eg kjenner så godt, dei sviktar meg no, når det gjeld, når det er alvor. Eg sit her med skriveskrinet mitt i fanget og kan ikkje skrive, endå det er mitt skrin, mitt språk. Eg skriv nokre liner til, riv det sundt, byrjar på nytt, riv sundt. Ingenting høver. Skal det vere så vanskeleg? Spikaren som ligg i kista rullar fram og tilbake, vegguret tikkar, eg legg tilbake pennen og blekkhuset, slår att skrinet, reiser meg, stryk over treverket att, det er glatt og fint mot fingrane mine. Så mange ord, så mange bokstavar.



Skriveskrin på Ivar Aasens tid


Embetsmenn, lensmenn, offiserar og andre som var på tenestereiser på 1800-talet, hadde skriveskrin med seg. Her oppbevarte dei pennar, blekk, strøsand, blyantar, skrivepapir og elles dokument og bøker som det var naturleg å ha med seg. Samstundes gjorde skrinet teneste som eit praktisk skrivebord.

Inne i skrinet er det ei laus plate som kan takast fram. Kanskje la Aasen plata på eit ujamnt underlag når han skreiv? Kanskje plasserte han plata på kne og lår og fekk på den måten eit slags skrivebord – den tidas laptop? Under denne plata kunne han også oppbevare ferdigskrivne dokument.

Det var ikkje så lett å få med seg verdfulle papir på ein trygg måte i all slags vêr. Eit skriveskrin var ingen trygg stad utadørs. Embetsmenn og andre reisande hadde gjerne særskilde reisekister eller ferdaskrin der lokket var trekt med skinn. Dette skinnet var så stort at det dekte godt over falsen i lokket. I ei slik kiste/skrin kan det godt tenkjast at Aasen oppbevarte skriveskrinet sitt når han tok sjøvegen. Når han gjekk til fots - noko han ofte gjorde - kunne han ha skrinet i ei skinnskreppe eller ein ransel. «Postskreppa» til postføraren er nærast eit omgrep frå gammalt. Ho tolde både regn og sjøskvett.

Etter tradisjonen skal Ivar Aasen sjølv ha laga dette skrinet. Heime i Kristiania hadde han ferdige manuskript i blekkskrin. «Hans manuskripter laa bestandig i en blikkasse i vinduet, saa den skulle reddes først i tilfælde ildebrand», skriv Lars O. Skjegstad i minna sine.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om skriveskrinet til Ivar Aasen


Efterladte Sager:
I Trondhjem en Kiste hos O. Sommer. En
Pult med Bøger hos Udbye.
Paa Søndmøre. Et Skrin med Bøger og andre
Sager hos Kapt. Daae.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste
>