REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

kam
  • Spegel, kam og børste av Ragnar Hovland
  • Spegel, kam og børste på Ivar Aasens tid
  • Om spegel-, kam- og børstesettet til Ivar Aasen

Spegel, kam og børste

Ragnar Hovland


Vi er stille no. Knapt eit pust. Men vi gløymer ikkje. Og skal tru om det ikkje var vi som kjende Ivar best. Også dei sidene han ikkje viste til nokon andre. Det var vi som minte han om dette, kvar einaste dag: Det er ikkje nok å ha kunnskap, Ivar, og vere vørd i lærde krinsar. Ein må også sjå godt ut! Sjølv om ein ikkje har utsjånaden heilt med seg! Ja, spesielt då!

Det var den tida då pilene enno luta i Pilestredet og kjerrene skramla muntert forbi i den lune morgonbrisen. Ivar gjekk til og frå vindauget, og det gjekk vel så som så med arbeidet. Men det kom alltid andre dagar, dagar til å sitje i ro og røyke pipe. Og det var dei kveldane då Ivar sat ekstra lenge i vårt selskap, og vi visste: No skal han på Klingenberg og sjå på dansarinner og artistar, og levande tigrar i bur. Der er det kvinner som ikkje nett er gjerrige med smila sine.

Alltid var vi spente når vi utpå natta høyrde steg i trappa. Var det eit ekstra par steg vi kunne høyre, det vi ønskte mest av alt? Men nei. Det var Ivar som kom, åleine, og som tok seg ei siste pipe.

Det var nok vi som kom nærmast innpå Ivar, og enno kan ein sjå det bleike biletet hans i spegelen.

Og aldri gav vi opp håpet.



Spegel, kam og børste på Ivar Aasens tid


Børste og kam var bruksting dei laga sjølv frå gammalt. Med tagl, altså halehår av ku eller hest, eller hår frå mana av ein hest, var det ei enkel sak å binde seg kledekost eller skokost. Kostebindar eller børstebindar var yrkestitlar på folk som reiste rundt og batt kostar.

Kammane vart frå gammalt laga av horn. Desse var haldbare mot rote, og det er ikkje uvanleg å finne restar etter gamle kammar i gravhaugar frå mellomalderen. Slike funn fortel at folk reinska eller kjemma håret sitt i mellomalderen òg. Uty som lus og lusegg var lettare å oppdage i hårrota etter at ein kam var dregen gjennom. Slik må det ha vore i det verkelege livet i uminnelege tider. Kvifor skulle ein elles ha med seg kam i grava? Det var kam-makarane som laga kammane. Ei spegel var derimot ikkje noko ein kunne lage sjølv. Her trongst kjemikaliar og glas som vanleg folk ikkje rådde over.

Ivar Aasen var systematikar. Før han la ut på sine granskarferder, sette han opp plan for reisa, og han laga liste over «Medbragte Sager» eller «At medtage til Reisen». Det galdt å ha med alt han kunne få bruk for, men ikkje noko unødvendig. I 1866, under punkt 2 i lista, ramsar han opp «Taske med Traad, Knapper, Baand, Kam, Haarkost, Linfiller, Flaske?, Tobak, 2 Piber, Solglas Knøsk og Flint, Fystikker, Lommespeil.». Dette er før toalettveska si tid.

Dette settet med børste, kam og spegel i eitt, måtte vere som skapt for folk på reise. Spesielt praktisk var det for folk som ferdast til fots. Ut frå rekvisittlista over, har han nok kjøpt dette etter 1866. Aasen var ingen moteslave, men ein skal ikkje sjå bort frå at han hadde lagt merke til at andre hadde liknande utstyr. Turisttrafikken auka sterkt i siste halvdel av 1800-talet, og utanlandske turistar hadde med seg praktisk utstyr som før var ukjent for oss. Kanskje var det hos desse Aasen første gong observerte eit sett med børste, kam og spegel i eitt?

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om spegel-, kam- og børstesettet til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

Til Medtag paa Reise. [1866.]
1. Skreppe. Deri: Nattrøie, Hoser (Sele),
Skjorter, Krager, Uldplagg, Lommedug,
Blekskrin, Blyanter, Papir, Lommekniv,
Landkort, Reiserute, Ordregister, Optegn.
2. Taske med Traad, Knapper, Baand, Kam,
Haarkost, Linfiller, Flaske?, Tobak, 2 Piber,
Solglas Knøsk og Flint, Fyrstikker, Lommespeil.
3. Ellers: Regnkappe, Kjole, Tøfler?, Røghue,
Stav. - Brystsukker, Barbeertøi, Stoppenaal
med Uldtraad.

11. juli 1865

Hvilet i Kristiansand. Ingen Bekjendte at finde; Nygaard, Gjessing og Clausen borte. Gaaet lidt omkring; seet paa Kirkegaarden. Ikke ret tilpas. Tobak 8. Cognac 5. Speil 4.

Ludvig Daae om Ivar Aasen

«Jeg husker ham godt fra den Tid, liden og mager, allerede dengang med Ansats til rødagtig Næse, og et tykt, svært mørkebrunt Haar, klippet i Skaalform, som man dengang kaldte det; det vil sige, der lagdes en Skaal af omtrent samme Størrelse som den øverste Deel af Hovedet, over dette og saa klippedes der jevnt efter Kanterne af denne.»

Ludvig Daae var éin av ungane Ivar Aasen underviste på garden Solnør, og ifølgje kulturhistorikaren Reidar Djupedal den av borna Aasen hadde mest tru på.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste