REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

stokk
  • Stokken hans av Jon Fosse
  • Staven på Ivar Aasens tid
  • Om staven til Ivar Aasen

Stokken hans

Jon Fosse


Ivar Aasen gjekk kringom med stokken sin,
ein påk, ei grein, ein staur,
og stundom tok dei han for slaur,
hei hå hei hå med stokken sin

Ivar Aasen gjekk kringom med stokken sin,
og alltid hol i sokk,
han var som bønder flest i skokk,
hei hå hei hå med stokken sin

Ivar Aasen gjekk kringom med stokken sin,
ein riktig herrestokk,
han var som bymenn flest i skokk,
hei hå hei hå med stokken sin



Staven på Ivar Aasens tid


Staven har ei historie på heile 4000 år. Ei gransking viser at i Bibelen er det ikkje mindre enn ti ulike ord for stav, og bruksområda er mange og varierte. I denne samanhengen er det nok å nemne staven som hjelpemiddel, våpen, symbol, heidersteikn og avstraffingsmiddel. Gjennom livet møtte Aasen mange av desse stavtypane, og i ordboka hans finn ein ord som stav, kjepp, svolk, staur, lurk, og krykke, men ikkje stokk, som er ei vanleg nemning i dag.

Staven har vore eit hjelpemiddel i uminnelege tider. Den som var ustødig, kunne støtte seg på staven, og den som hadde vondt i føtene etter ei lang vandring, kunne minske smertene ved å bruke stav. Den som hadde noko å bere, kunne dessutan leggje staven på skuldra og dermed få klesbylten på ryggen. Fattigguten i eventyra, han som skulle ut i verda for å blir rik og berømt, har anten staven i handa eller ein klesbylt på ryggen festa til staven. Med ein vandrarstav i handa var den farande også væpna til å møte både farlege dyr og uærlege folk. Det er i denne samanhengen det er naturleg å nemne pilegrimsstaven. Pilegrimen var utsett for mange farar.

Det finst mange fleire sortar stavar enn dei som alt er nemnde. Det er symbolstavar som tiggarstav, kommandostav, dirigentstav og ymse draktstavar, der staven var ein del av påkledinga.

Gjetarstaven er ein viktig symbolstav. Alle som har sett skulebarn framføre forteljinga om Jesu fødsel i Betlehem, veit at gjetarane står med lange stavar rundt Maria, barnet og krubba. Dei har krokstavar som dei nytta til å fange dyra sine med. Krokstaven vart alt på 300 talet e.Kr. bruka i prosesjonar. Når gjetaren fanga sauer med kroken på staven sin, kunne presten bruke ein tilsvarande stav til å sanke sjeler på si vandring.

Ein stav var ein personleg ting. Det var ikkje noko ein lånte bort til andre. På sine nær sagt utallige vandringar rundt om i landet, brukte Aasen temmeleg sikkert stav i ei eller anna form. Han valde ofte å gå i staden for å bruke kostbar skyss, og han klagar fleire gonger over at han var trøytt i føtene. Også i Kristiania er staven med, og i april 1868 skriv han (litt letta) i dagboka: « (…) faaet igjen en forbyttet Stav».

Det er i 1880-åra at Aasen er mest plaga av vonde føter. I mai 1891 tok han konsekvensen av det og kjøpte «En ny Stav». Det er kanskje denne som er bevart etter han. Det er ein stilrein krokstav, truleg kjøpt i ei «herreekviperingsforretning». Det finst eit bilete av Aasen med stav i hand. Han held eit stykke nedanfor kroken på staven, som om staven er for lang. Det kan også tenkjast at han frå barndommen var mest van med stav utan krok, men for å vere «kledd» som andre i hovudstaden, brukte han krokstav.

Den bevarte staven har slitemerke på krokskaftet. Det tyder på at den spesielle staven var tilpassa mannen, sjølv om vi veit at det er bevart fleire stavar etter han. Fluga som sit der, viser at han har lagt ned staven for godt!

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om staven til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

28. april 1868
Inde hos Hansen. Klingenberg, Concert. Kaf. 6; faaet igjen en forbyttet Stav.

28. mai 1891
En ny Stav: 1,50.

Til Medtag paa Reise. [1866.]
1. Skreppe. Deri: Nattrøie, Hoser (Sele),
Skjorter, Krager, Uldplagg, Lommedug,
Blekskrin, Blyanter, Papir, Lommekniv,
Landkort, Reiserute, Ordregister, Optegn.
2. Taske med Traad, Knapper, Baand, Kam,
Haarkost, Linfiller, Flaske?, Tobak, 2 Piber,
Solglas Knøsk og Flint, Fyrstikker, Lommespeil.
3. Ellers: Regnkappe, Kjole, Tøfler?, Røghue,
Stav. - Brystsukker, Barbeertøi, Stoppenaal
med Uldtraad.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste