REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

Hatten
  • Eit skrivebord av Karin Sveen
  • Skrivebord på Ivar Aasens tid
  • Om skrivebordet til Ivar Aasen

Eit gåvebord

Karin Sveen


Skal ein heidra ein annan med eit skrivebord, er det ikkje som å gje vekk eit klesplagg. Lang mann vil trengja lang brok, men liten mann stort bord. Difor lurer eg på kva Ivar Aasen tenkte då han fekk sjå denne gåva frå «Oplysnings-Selskabet» 7. mars 1856.

Bordet er stuttare enn det skarve mitt, berre snaue halvannan meter. Breiare er det heller ikkje, men i høgaste laget, 84 centimeter. Ein får berre vona at ruggestolen som følgde med, lyfta Aasen opp. Om ikkje, er det greitt å tenkja på at både den første grammatikken og den første ordboka var skrivne før Aasen fekk desse remediane. Kan henda sat han godt før dette, men frå våren 1856 sat han i alle høve fint.  

Rett nok syntest visst Aasen at bordet var både stort og staseleg; det skreiv han i eit brev til Ludvig Daae. Men det minste bord kan verta stort i små rom, og lite skal til for å gjera krypinn herskapelege.  

Aasen var både kry og kryptisk då han i same brevet la til at han «har arbeidet adskilligt for Selskabet, og man har ofte budet mig Betaling, men jeg ville ikke tage noget for slike Arbeider». Difor kan ein spørja seg om bordet var ei stor gåve eller ei altfor lita løn.

Ivar Aasen skreiv til herr Daae på mahognyspråk, eit riksmål blankt som bordplata. Slik tyt dei to sidene i den norske språkhistoria fram, som seinare har gjeve så mange nordmenn to språkvegar ut i verda. Slik er det med meg, og med kvar den som ikkje har vakse opp med embetsmannsarven. Språket vert som ei sjølvomsetjing, om det er bokmål eller nynorsk ein nyttar. To tunger i same munn gjer ingen av dei falske. Det er snarare til ære for vårt vesle land at det er stort nok til to språk, slik det vesle bordet var stort nok for han som sikra oss dei begge. Det er eit stille bord, meir til å nyta enn til å nytta. Difor er det berre å henta ruggestolen og ta tungemålet fatt.  



Skrivebord på Ivar Aasens tid


Skrivebord som møbel kom på 1800-talet, men det vart ikkje vanleg før kring 1900. Styresmaktene og offentlege kontor var først ute. Det var der sakspapirbunkane var størst og dei skrivande hadde mest behov for bordplass. På 1700-talet og langt inn på 1800-talet brukte embetsmenn og deira sekretærar høge skrivepultar med skråstilt plate som dei stod eller delvis sat ved.

Mellomklassen og folk som elles skreiv litt eller førde rekneskap, hadde gjerne eit skatoll til denne bruken. Dette var eit kombinasjonsmøbel der nedste del var som ein kommode med skuffer, og ein øvre, tilbakedregen del med mange små skuffer. Desse skuffene var dekte med ein låsbar klaff som kunne leggjast ned i horisontal stilling, og kunne såleis brukast som skriveplate. Skatollet vart bruka som skrivebord i fleire generasjonar, men etter kvart som papirmengda voks, skaffa til dømes lærarar og forretningsfolk seg skrivebord med skuffer og skap under skriveplata. Det interessante er at både skatoll og skrivebord ikkje sjeldan hadde hemmelege rom der det kunne gøymast både pengar, brev og verdfulle dokument.

Den gamle høge skrivepulten med den skrå skriveplata var førebiletet for skulepultane som kom etter at skulelova av 1860 vart sett ut i livet. Pultar med skråstilt plate vart på mange skular brukte fram til etter 1945. Det horisontale skrivebordet hadde då teke over for lenge sidan elles i samfunnet. Men eit bilete av eit kontorinteriør i ein stor fabrikk i Molde i 1913 viser at det står igjen ein høg skrivepult mellom mange vanlege skrivebord så seint som dette.

Så mange notat, dokument, manuskript og bøker som Aasen etter kvart skaffa seg, var det ikkje rart at Det Kgl. Norske Videnskabers Selskab i Trondheim kjøpte dette skrivebordet til han. Dette fekk han midt i 1850-åra, og det var uvanleg tidleg. Det kan ha vore mellom dei første som fanst hos ein privatmann i landet vårt. Aasen sette nok pris på skrivebordet sitt, og der hadde han orden. Venen hans, lærar Lars O. Skjegstad, skriv at «hans bøker og papirer lå i den sirligste orden».

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om skrivebordet til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens brev

«Kanskee jeg kunde melde, at jeg nylig er bleven beriget med en Sending frå Folkeoplysningsselskabet, nemlig et stort og staseligt Mahogni-Skrivebord og en Ruggestol. Jeg havde arbeidet adskilligt for Selskabet, og man havde ofte budet mig Betaling, men jeg vilde ikke tage noget for slige Arbeider. Endelig havde man dog besluttet, at jeg skulde have noget enten jeg vilde eller ei, og saaledes kom da dette istand. Jeg kan altsaa nu «sætte Fod under eget Bord».»

Ivar Aasen i Brev til Ludvig L. Daae, 2.april 1857


Frå Ivar Aasens dagbøker

7. mars 1857
Indførelse af Ordene for 1856 i Fællesregisteret. Faaet tilsendt et Skrivebord fra Oplysningsselskabet.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste