REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

Hostedraapar
  • Dråpar til å bli frisk av av Rune Timberlid
  • Dittens hostedraaber
  • Om hostedropane til Ivar Aasen

Dråpar til å bli frisk av

Rune Timberlid


Utanfor vindauget vakna hovudstaden til liv. Lyden av røyster og kjerrehjul mot brustein nådde han. Men han kom seg ikkje ut av senga. Det verkte i hovudet. Gikta reiv både i armane og føtene. Bringa var likevel verst, som så mange gonger før. Det var med andre ord ein dag som så mange andre i Ivar Aasen sitt liv.

Ei hostekule fekk kaldsveitten fram på panna under det brune håret. Augo søkte mot det vesle nattbordet ved senga på det spartanske rommet.

Jaudå, ho stod der.

Den vesle sylindriske flaska var framleis halvfull av lækjande dråpar. Dittens Hostedraaber. Han tok den tilrådde dosen for vaksne. Medisinen sveid i svelget. Han tok det som eit godt teikn.

Frå naborommet høyrde han vertinna i Teatergaten 6 setje frå seg frukosten inne i daglegrommet. Han vart sitjande i senga og studere flaska som var kjøpt på det nye og staselege apoteket ved Rikshospitalet. Ja, denne gongen hadde han handla med apotekaren personleg, Hans Selchier von Ditten. Apotekaren var kjend for å lage dei beste medisinane i byen. Neste gong skulle han kjøpe med seg Dittens Afførende Piller også. Dei skulle vere reine vidunderkuren når magen slo seg vrang.

Han las teksten på den kvite etiketten.  

«Rigshospitalets Apothek
Dittens Hostedraaber
40 – 60 ad gangen. Børn 3 Draaber for hvert Aar».

Medisinen varma i bringa då han la hovudet tilbake på puta. Han tenkte på teksten på etiketten. Det heiter ikkje draaber og børn på norsk, tenkte han. Det heiter dråpar! Og born!

Eit smil breidde seg over andletet då han gløtta bort på flaska ein gong til. Høgt las han for seg sjølv:

«Rikshospitalets Apotek
Dittens Hostedraapar
40 – 60  om gongen. Born 3 draapar for kvart aar».



Dittens hostedraaber


Dittens Hostedraaber har namnet sitt etter apotekar og kjemikar Hans Selchier von Ditten, som oppretta Rigshospitalets Apothek i 1857. Han komponerte ulike medisinar der «Dittens piller» og «Dittens Hostedraaber» er mest kjent.

Det var tre hovudkomponentar i desse dråpane: Ammoniakk og anis oppløyst i sprit, eit benzosyrepreparat og eit lakrisekstrakt  - «for brystet», som det heiter.  I tillegg var det litt opium tilsett som tinktur, men her var mengdene små.

Det er her viktig å merke seg at det er snakk om hostedropar, ikkje hostesaft. I 1 milliliter var det om lag 30 dropar, så  mengdene var ikkje så store. Sjølv om sprit var ein av komponentane, var det nærast uråd å bli rusa av denne medisinen. Dét var nemleg tilfelle når hostesafta «Rigabalsam og honning» var på sitt mest populære.

I 1880- og -90-åra var Ivar Aasen ofte «syg af Forkjølelse» og han var plaga med hoste. I februar 1889 skriv han rett ut at «Helbreden meget svag med Lammelse og Mathed, Krim og Hoste». Den bevarte medisinflaska er nok berre ei av mange frå desse åra.

«Dittens Hostedraaber» stod i formelsamlingane til norske apotek fram til 1952. Etter det er flaskene med etikettar typiske museumsgjenstandar.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om hostedropane til Ivar Aasen


Ivar Aasen var svært oppteken av helsa si, noko ein ser tydeleg i den knappe dagbokstilen hans. Til dømes er det 71 førekomstar av ordet 'hoste' i dagbøkene hans, 55 førekomstar av ordet 'forkjølelse', og heile 445 tilslag når ein søkjer på ordet 'syg'. Ordet 'Helbred', som altså handlar om helsetilstanden, finst 79 gonger i dagbøkene. Ordet 'frisk', eller ein variant av dette ordet, får ein 252 tilslag på i dagbøkene.


Frå Ivar Aasens dagbøker

31. oktober 1872
Bibelselskabets Fest i Kirken, Præken af Munch. Ogsaa denne Maaned med ideligt Regnveir, dog altid mildt og uden Frost. I de to sidste Uger svag for Brystet med lidt Hoste og stor Tilsamling af Sliim.


Frå Ivar Aasens brev

«Dernæst skulde jeg give en Beretning om min Helbredstilstand, som jeg i mit sidste Brev havde omtalt som noget betænkelig. Virkelig befandt jeg mig dengang noget ilde baade paa Sjæl og Legeme; senere blev det vel bedre, men dog indfandt der sig en og anden Upasselighed, og den 11te Nov. blev jeg endelig alvorlig syg,. saa at jeg laae tilsengs en heel Dag, Noget som ellers ikke er hændt mig i en Tid af otte Aar. Man paastod, at jeg led af Forkjølelse, og raadede mig at indtage en Svededrik, som jeg da ogsaa gjorde. Dette Middel virkede; efter Svedekuren kom jeg mig hurtigt, og fra den Tid har jeg været fuldkommen frisk, og befinder mig ogsaa forøvrigt ganske vel. Kjedsomheden har ikke synderlig plaget mig, siden jeg blev nogenlunde kjendt paa Stedet, og siden jeg kom ret i Gang med mit Arbeide. Jeg har ofte forhen klaget over et vist Ildebefindende i Sindet, og har havt Aarsag dertil, da adskillige Anfald af Modløshed og Lede til Livet, samt af farlige Indfald og en Uro, hvortil jeg ingen Grund vidste, ofte i de sidste Aar har sat mig i en Frygt for min Sindstilstand, der var større end jeg vilde yttre for Nogen. Men jeg har nu det glædelige Haab, at den forandrede Tilstand og dermed følgende interessante Bevægelse, samt det alvorlige og dog fornøielige Arbeide - vil virke velgjørende paa mig, som det allerede har gjort. –»

Brev til Maurits R. Aarflot, 8.januar 1843
Ivar Aasen oppheldt seg i «Sogndalsfjæren»


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste