REKVISITTAR FOR EIT LIV

ei nettutstilling om Ivar Aasen

teaterkikkert
  • Scene frå eit mogleg ekteskap av Alf Kjetil Walgermo
  • Teaterkikkertar på Ivar Aasens tid
  • Om teaterkikkerten til Ivar Aasen

Scene frå eit mogleg ekteskap

Alf Kjetil Walgermo


Ei ung kvinne kjem gåande bortover Møllergaden. Ho er i følgje med far sin, som held paraplyen galant over henne i det lette regnet.
–Det første stykket har eg ikkje særleg tru på, seier ho.
–Men eg likar tittelen på det andre. «Hvem er den rette» – det tenkjer eg på kvar einaste dag.

Ved inngangen til Kristiania Norske Theater helsar ein mann til hatten. Ho kjenner han igjen som språkforskaren frå Vestlandet, han er nesten alltid her.
– Du må vere ein sann teaterelskar, seier ho muntert og helsar høfleg attende.

Ho spør kva forskaren meiner om språkføringa ved teatret. Sjølv synest ho at den språkansvarlege, overlærar Knud Knudsen, fremjar ein altfor sterk austlandsaksent i dialogane.

Mannen ser blygt i golvet, svarar i rykk og napp, og snart nappar faren utolmodig i ermet på dotter si.
– Det var hyggeleg å helse på deg, seier han til språkforskaren.
– No må vi finne plassane våre før det byrjar.

Den unge kvinna finn seg rastlaust til rette på balkongen i det rampelysa går på og «Fruentimmerhaderen» er i gang. Diskret sveiper ho over publikum med teaterkikkerten. Om det var mogleg å sjå igjen han som nettopp stod så sjarmerande mållaus framom henne?

Først seinare, under «Hvem er den rette», får ho auge på mannen. Ho synest han ser så stolt og einsam ut. Det ser ut som om også han leitar etter noko han ikkje veit kva er.

Då faren eskorterer dotter si heimover, går språkforskaren motsett veg med eit etui i dei dirrande nevane. Inni er det ein kikkert og eit brev:

«Høgst vyrde Ivar Aasen. Livet er ei scene. Og denne kan hjelpe deg med å sjå.»



Teaterkikkertar på Ivar Aasens tid


Kikkerten vart oppfunnen kring 1600. Teaterkikkerten er bygd på same måte som dei opphavlege kikkertane, med ei konveks linse som objektiv og ei konkav linse i okularet. Denne linsekombinasjonen gjer at ein teaterkikkert kan lagast svært liten, og med eit slikt hjelpemiddel kunne ein på ein diskret måte studere andletsuttrykk, kostyme og elles publikum i teatret. Men i halvmørke teatersalar kunne dette vere eit problem. For mange teatergjengarar galdt det både å sjå og bli sett!

Teater var ein del av livet til Aasen, og i periodar gjekk han på framsyningar fleire gonger i månaden. I alt såg han godt over 600 teaterframsyningar. Aasen bruker sjølvsagt den danske forma theater, som kjem frå det greske ordet theasthai, som tyder å «sjå på». Og teaterkikkerten var laga for at ein skulle kunne sjå betre det som gjekk føre seg på scena. I dagbøker og brev er ordet theater i ei eller anna form å finne meir enn 300 gonger. Det er snakk om teaterframsyningar, -plakatar, -billettar, -besøk, osb. Men i røynda var det syngjespel, musikkspel, vaudevillar, kabaretar og revyar  Aasen likte å sjå. Han var sjeldan på dramatiske framsyningar av samtidsforfattarar, og Ibsen-stykke såg han berre to av.

Ivar Aasen sjølv skreiv syngjespelet Ervingen, som hadde premiere i 1855 og som seinare er oppført mange gonger ved norske teater. Frå midt på 1800-talet og framover kom det til fleire nye teater i landet vårt. Repertoaret var ganske variert, og interessa for denne kunstarten var veksande. Dette galdt ikkje minst i hovudstaden, der Aasen oppheldt seg store delar av året. Teatret var nok ei kjær avkopling for han.

Bjørn Austigard
Førstekonservator NMF
Romsdalsmuseet



Om teaterkikkerten til Ivar Aasen


Frå Ivar Aasens dagbøker

14. november 1885
Atter i Kunstudstillingen: 25 Ø. Reparation paa en Kikkert.

15. oktober 1851
Afsendt til Provst Thoresen et Expl. af min Grammatik og Ordbog, smukt indbundne hos Sauerzapf. Aftenen paa Koncerten for det Bergenske Nationaltheater; hørt Ole Bull, Md. Dahl og Jfr. Svendsen. Meget fornøielig Aften.


Hatten Skrivebord Hostedraapar Skinnvott
Beltepung Stokk Lommeur Bok
Penn Lupe Reiseskrivebord Sko
Topphue Kikeoskje Pipe Hammar
Teaterkikkert Glas Trekkpapirvalse Kam-borste