Trøgstad

År M D Stad Merknad
1853 10 1 Tveiten  
Askim

År M D Stad Merknad
1853 10 1 Askim via Hesleskog. Huer i Askim
Eidsberg

År M D Stad Merknad
1853 9 6 Skalltorp vart her 3-4 veker
1853 9 11 Eidsberg kyrkje dagstur
Rakkestad

År M D Stad Merknad
1853 9 4 Holås via Torp
Sarpsborg

År M D Stad Merknad
1853 9 5 Sarpsborg og til Salmundrud og Haug
Fredrikstad

År M D Stad Merknad
1853 8 30 Fredrikstad  
Halden

År M D Stad Merknad
1853 8 30 Halden sett Svinesund
1853 9 1 Idd dagstur
1853 9 3 Oro  
Østfold

1853 gjorde Ivar Aasen målinnsamlingar i Østfold. Han var ein tur langs kysten ned til Halden, og deretter reiste han til Indre Østfold. Han blei verande i Eidsberg i 3-4 veker. Herifrå kunne han arbeide med østfoldspråket, og han tok enkelte turar til nabobygdene. Han valde Eidsberg av di bygda låg sentralt i indre Østfold, og Aasen meinte difor at språket her ville vere representativt for heile dette dialektområdet.

Før musa over kartet for å sjå kva stader Ivar Aasen reiste til i Østfold.

Ivar Aasen var i dei kommunane som er farga grøne.
Kartet viser dagens kommunestruktur.

Dagboksitat frå Østfold

30. august 1853:
Afreist med "Halden" til Fredrikshald. Taalelig frisk. Godt Veir men tungskyet. Seet Fredrikstad, Svinesund m. m. Siden paa Fæstningen, og omkring i Byen.

2. oktober 1853:
Ved Trygstad Kirke: Wulf og Heidenreich. Konfirmation. Meget Folk men lidet at høre.

Ord frå Østfold

Døme på ord Ivar Aasen samla i fylket.

Ord Forklaring Område
Andstøv n. 1) Omkvæd. 2) Mundheld, Talemaade
braahippen meget nysgjerring
brettau adj. fiin, kræsen
Flòg n. Dands, Lystighed
grunke paa ymte om
humse v. gaae skjødesløst
Ragg m. Slyngel
Du finn pdf-filer med ei samla oversikt over Ivar Aasen sine reiser i Østfold her:

Kart over reisene: Her finn du 28 kart der reiserutene til Ivar Aasen er innteikna.
Prøv også spelet Ordsamlaren, der det gjeld å finne rett fylke til nokre av orda Ivar Aasen samla på sine reiser.